Dei to fyrste skulevekene i Solborg-året er over, og vi kan sjå tilbake på dagar med mykje innhald! Søndag 22.august ankom 110 spente elevar Stavanger, saman med livets fyrste flyttelass, ein eller fleire spente foreldre, og høgst truleg ein god dose sommarfuglar i magen. Lærarar, stipendiatar, miljøarbeidarar og andre tilsette, sto klare til å ta imot gjengen frå kl.09:00, og var nok minst like spente som nokon andre på kven som skulle komme til Solborg i år. Stavager viste seg frå si beste side, så deilig mat frå kjøkkenet kunne nytast ute i tunet, og i den vakre Solborg-hagen.

Fyrste kveld med gjengen! Her spelar nokre av elevane diverse ballspel ute på fotballbana. Foto: Håkon Veine Wiig

Resten av den fyrste veka besto av mykje bli kjend-opplegg, både på dag- og kveldstid. Teambuuilding i dei tre laga (storgruppene elevane var delt i dei fyrste 10 dagane grunna smittevern), introduksjonsrunder med dei i klassa, og sosialt opplegg med miljøarbeidarar på kveldstid har mykje å seie for å få eit godt og trygt skulemiljø! Musikk-quiz, uteaktivitetar og brettspel er berre nokre av eksempla ein kan trekke fram frå denne veka. I tillegg har elevane fått helse på dei andre i personalet, både vaktmeistarar, reinhaldspersonale, m.fl. har fått introdusere seg på ulike vis.

Etter kvart har også elevane fått testa ut linjene dei går på, og har med det fått ein smakebit på kva kvardagen vidare kjem til å innehalde. Musikkproduksjon har hatt besøk av Hanne Sørvåg, Idrettsseksjonen har vore på diverse ekskursjonar både til fots og på sykkel, Streamteam har hatt sin fyrste stream, og Klær, Mote, Design har vore på storshopping i tekstilavdelinga til Fretex Sandnes!

Frå idrettsseksjonen sin dag på Solastranda. Foto: Håkon Veine Wiig

Årets elevgjeng er ivrig og initiativrik! Då nokre av dei ein dag kom med forslag om å mekke disco i Borgny med Euphoria-tema, var ingen vonde å be. Glitter, fargar, musikk og dansing er sjeldan ein dårleg idè!

Discotek i Borgny inspirert av HBO-serien Euphoria

Sist helg var det duka for både Det store showslaget og Kick-off! Laurdag vart seminaret på dagtid brukt i grupper på å lage underhaldningsinnslag basert på ulike filmar til kvelden. Gruppa som stakk av med sigeren, presenterte sin versjon av James Bond på ein imponerande god måte! Søndag kveld var det miljøarbeidarane og stipendiatane sin tur til å underhalde i foredragssalen. Dans, sang, video, leik, tull og tøys sette standarden på korleis folkehøgskule skal vere; kjekt og uhøgtideleg! Suksessfulle kveldar som vi tek med oss vidare inn i året!

Kick-off ved stipendiatane og miljøarbeidarane var ei flott avslutning på dei to fyrste skulevekene!
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.