I år har vi hatt eit stort fokus på berekraft her på Solborg. 11. april fekk vi difor besøk av Frida Ottesen. Ho haldt eit godt foredrag som inspirerte oss både til innsamlingsaksjonen og til klesbyttedagen.

Av Ingeborg Lillestøl og Ingerid Rohde Mæhlum

Frida Ottesen (22) er frå Vadsø i Finnmark, og held til i Stavanger. Ho er ei glad og utadvent jente, som elskar te, teikning og turar i skog og fjell. For tida jobbar Frida som foredragshaldar i miljøorganisasjonen «Framtiden i våre hender» og i folkehøgskuleprosjektet «Klimakloke folkehøyskoler».

I 2014 deltok ho på ei reise til Kambodsja, saman med eit filmteam frå Aftenposten som stod bak web-serien ”Sweatshop – Dødsbillig mote.” Denne serien tek eit oppgjer med tekstilindustrien i Kambodsja og målet er å auke forbrukarane si bevisstheit. Tekstilarbeidarar lev i fattigdom og urettferdigheit, og dette kan vi ikkje godta! I 2015 vant Sweatshop en Gullruten-pris for beste reality.

Engasjement hjelper

I Asia blei Frida gjort oppmerksam på forholda til tekstilarbeidarane. Sidan den gong har Ottesen arbeida og brent for å betre rettane til dei som arbeidar på slike fabrikkar. Ho har fokus på berekraft og spesielt berekraftig mote. I foredraget fortalte ho om opplevingane i Kambodsja og ho lærte oss korleis vi kan påverke klesindustrien. 23. april starta Fashion Revolution Week og i den forbindelse arrangerte Frida Ottesen aksjon her i Stavanger mot klesindustrien. Connectklassen fra Solborg deltok på denne. Nokre av oppgåvene vi kunne gjere var å ringe ulike kleskjeder og stille spørsmål, vi kunne henge opp informasjonslappar i butikkar og stille spørsmål til dei som arbeida der. Vi fekk også moglegheita til å stille Ottesen nokre spørsmål.

  • Kvifor engasjerer du deg i arbeidet mot klesindustrien?
  • Eg engasjerer meg fordi eg syntes det er viktig. Mest fordi eg har opplevd det på nært hold og på grunn av reisene, har eg fått eit nært forhold til tekstilarbeidarar. Så tenker eg også tilbake på vidaregåande då eg elska å shoppe, men ikkje visste kor kleda mine kom i frå. No ser eg at mine val påverkar verda og folk. Så eg har mykje makt til å gjere ei forandring.
  • Kva var bakrunnen for oppstarten av Sweatshop?
  • Det var for å bevisstgjere! Fakta er ofte kjedeleg, så ein underhaldande serie når betre ut til ungdommen. Klesforbruket aukar stadig og difor er det aktuelt.
  • Korleis blir det framover med tanke på Sweatshop?
  • I forhold til Sweatshop trur eg kanskje at det blir ein sesong 3. Då blir det mindre fokus på alt det negative og meir fokus på løysingar. Meir fokus på dei som faktisk gjer ein skilnad, som til dømes etiske kleskjeder.
  • Kva tenker du om di eiga framtid da?
  • Eg opplever at det er alt for mykje press i dag på at ein skal oppnå veldig mykje. Det er ikkje så veldig viktig for mi lykke. Det viktige for meg er at eg kosar meg med det eg gjer. Er difor veldig fornøgd med det eg brukar tida mi på no og er glad for at ingen pressar meg til å ta noko meir utdanning.
  • Korleis kan du klare å overbevise andre ungdommar til å tenke likt som deg?
  • Kanskje ved å gå fram som eit godt eksempel og ta bevisste val. Det kan bli vist gjennom bloggen, foredrag og livet generelt.
  • Korleis kan vi som enkeltmenneske påverke klesindustrien?
  • Eg trur det er svært viktig med bevisstgjering og at folk forstår at det ikkje er kleda dine som avgjer kven du er eller kven du kan vere saman med. Det er ingen samanheng mellom kva du har på deg og kven du er som person. Vi må vise at vi ikkje trenger shopping på same måten som mange tenker. Vi har nok kle og treng ikkje konsumere nye konstant. Aksjonar som vi har delteke på i dag kan til dømes bevisstgjere dei som jobbar i butikken og vi kan få folk generelt til å stille spørsmål. Vi kan også dele ting på Facebook og andre sosiale medier, sende mail, ringe og bruke stemma vår.

Solborgs klesbyttedag

Torsdag 12. april arrangerte Connect klesbyttedag på Solborg. Alle på skulen fekk moglegheit til å levere inn brukte kle. Dette kunne vere kle som ein til dømes ikkje brukte lenger eller var lei av. For kvart plagg ein leverte inn, fekk ein tilbake ein byttelapp. På sjølve byttedagen kunne ein finne nye skattar og bytte dei inn med lappen. Resultatet blei ein vinn-vinn situasjon. Elevane fekk nye kle utan å kjøpe nytt og det er både bra for miljøet og lommeboka. Det er ein svært berekraftig måte å få nye plagg på, fordi plagga allereie er ein del av eit kretsløp. Byttedagen vart eit vellykka arrangement og det gav meirsmak.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.